|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
|
| Om VH Sogn |
 |
|
|
|
Kven er vi Vestlandshus Sogn skal vere ein seriøs og langsiktig aktør i byggebransjen i Indre Sogn. Vi tek på oss alt frå totalentreprisar på større bygg til mindre tømraroppdrag. Vi er tilknytta Vestlandshus kjeda og forhandlar typehus frå Vestlandshus.
Leiing og eigarar av Vestlandshus Sogn AS er:
Arne Myklebust. Styreleiar Lang og brei erfaring leiarerfaring frå bank, industri, entreprenør- og offentleg verksemd. Mellom anna som administrerande direktør i Indre Sogn Sparebank, Lerum Fabrikkar, Forbrukarsamvirke Sogn m.l. Arbeidar som sjølvstendig konsulent og er styremedlem/-leiar i fleire verksemder mellom anna Stoltz-Røthing i Bergen, Dooria AS m.fl.
Arild Bøthun. Dagleg leiar og aksjonær Utdanna revisor. Arbeidserfaring frå Indre Sogn Sparebank, Deloitte & Touche, økonomisjef i ANI Bil AS og Sogndal Fotball m/ tilknytta selskap.
Endre Einevoll. Prosjektleiar, styremedlem og aksjonær Har lang erfaring i byggebransjen som byggeleiar på små og store prosjekt. Prosjektleiar for m.a Sogndal omsorgsenter, Profierbygget og Leitetunet.
Ove Bukholm. Byggeleiar, styremedlem og aksjonær. Har 25 års erfaring i byggebransjen. Jobba som sjølvstendig byggmeister før. Har jobba i firmaet sidan det var nytt i 1997 og har frå januar 2005 fått byggeleiaransvar i samband med utbygging av Flåm skule
Sigmar Åberge. Tømrar, styremedlem og aksjonær. Sogndøl med fagbrev som har vore i byggebransjen i 30 år. Vore med i selskapet sidan skiping.
|
|
|
|
|
|
 |
|
 |
 |
 |
 |
 |
|
| Einebustadar Lunnamyri - kun ein att! |
Vi har for sal ein frittliggjande einebustad på Lunnamyri i Sogndal sentrum. Denne kan ferdigstillast og leverast klar for innflytting, men det er og høve til å kjøpe ikkje er ferdigstilt og sjølv få bestemme innreiing.
Bustadane er moderne einebustadar med stort kjøkken / allrom, stove og kjellarstove og med fleire soverom godt tilrettelagt for barnefamiliar. Det vert lagt opp til gjennomgåande høg standard som går fram av leveranseinformasjon.
Kontakt oss på 57 67 33 88 eller post@vestlandshus-sogn.no for å få tilsendt salsoppgåve. |
| Les mer |
 |
| Bustadar Kaupanger - alt utselt! |
| Vi har på Kaupanger bygd ut 5 bustadar for sal. Alt er no selt og overlevert til kunde. |
| Les mer |
 |
| No og med betongarbeid |
| Vi tek på oss små og store oppdrag for både privat og offentleg sektor. Kai Hagen med 28 års erfaring frå Kleiven Sogn er ansvarleg for betongarbeidet og sikrar at dette vert utført med god kvalitet. Ta kontakt for tilbod! |
| Les mer |
 |
|
|
|
 |
 |
 |
|
 |
|